Årets Sommartreff: Ein suksess!

Oppmøte på Årets Sommartreff var svært godt. Nær 30 lokale bedrifter deltok med stand på Haavebua som myldra av besøkande som ville vite meir om framtidsutsiktene til jobbmarknaden i Flora kommune.

Aksello kom i prat med mange av deltakarane som var på jobbjakt. Ein av dei var Malin Sørbø som er ferdig utdanna med fagbrev i kjemiprosess som ho har tatt hos Statoil på Mongstad.

Eg er no på jakt etter jobb i industrien, gjerne prosessovervaking eller liknande. Det er bra trykk i arbeidsmarknaden for tida, så eit slikt treff er veldig spennande for å sjå kva moglegheiter som finnast, fortalde Sørbø.

I tillegg til å få ei betre oversikt over jobbmarknaden var ho også ein av dei heldige som stakk av med festivalpass til Våt Moro. Alle deltakarane var med i trekninga av to festivalpass, og den andre vinnaren var Espen Angelshaug.

Angelshaug vart intervjua av lokalavisa Firdaposten, og de kan lese dekninga deira av Årets Sommartreff her. 

Maritim Forening Sogn og Fjordane, representert av Beate Solheim Grønnevik og Maria Brandsøy, var blant dei lokale bedriftene som stilte med stand. Dei hadde med seg fleire ledige stillingar som medlemsverksemdene deira har lyst ut.

– Vi har treft fleire kandidatar som kan passe inn i dei ulike stillingane, og det er kjekt å sjå at næringslivet i Flora står saman for å ønske arbeidssøkarar velkommen, sa Grønnevik.

Aksello vil takke alle som deltok for ei kjempesamling og satsar på å gjenta suksessen. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå fleire bedrifter, frå ulike bransjer, som fortel oss at dei har møtt dyktige kandidatar som det er aktuelt å tilsette i nær framtid. Vi ser fram til forsetjinga!

Nytt liv i Pelagia-anlegget: Kinn Maritime Industripark

Etter at Pelagia i oktober i fjor tok si avgjerd om å legge ned aktiviteten ved anlegget i Florø, fekk Aksello i oppdrag frå Flora kommune å skaffe ny aktivitet til anlegget. Arbeidet har no resultert i ei førebels avtale mellom Steinvik Fiskefarm og Pelagia.

Sjå pressemeldinga her

– Vi har brukt mykje tid og krefter dei seinaste 8 månadene på dette prosjektet, så det er herleg å sjå at vi nærmar oss ei svært god løysing. Opp mot 60 nye arbeidsplassar er ikkje å kimse av i våre dagar. Kinn Maritime Industripark, som anlegget vil heite, vil verte ein magnet for nye og eksisterande bedrifter til å etablere seg og skape eit miljø der to pluss to blir meir enn fire. All ære til Steinvik Fiskefarm og Alex Vassbotten som nok ein gong brukar pengane og kunnskapen sin til beste for lokal verdiskaping, seier Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello, som har leia arbeidet på vegne av Aksello.

Les også kva media skriv om saka: 

Kjøper truleg Pelagia-bygget

Kan skape nye arbeidsplassar i flora 

Steinvik fiskefarm vil kjøpe pelagia bygget

Florø kan få opp mot 60 arbeidsplasser

Nærmer seg oppkjøp av Florø-anlegg

 

Årets Sommartreff – nettverking og rekruttering!

Foto: Ingulf Andreas Slettevold

 

Aksello har tidlegare arrangert ein rekrutteringsarena i Flora kommune i form av romjulstreff og førjulstreff. Vi ynskjer å gjere ein vri på dette i år, og planlegg no Årets Sommartreff.

Den 23.juni inviterer vi studentar og arbeidssøkjande, potensielle heimflyttarar og tilflyttarar, og det lokale næringslivet til nettverking på Haave-bua frå kl. 13.30 til 15.30.

Her blir det stands med mange ulike lokale bedrifter, lett servering og god drikke. Ei perfekt anledning til å få ein super start på Jonsokaftan-feiringa, stifte nye kjennskap og sjå kva som finnast av jobbmoglegheiter i Flora, både no og i framtida.

Arrangementet er gratis og du kan melde deg på ved å klikke på påmeldingsknappen nederst på sida.

Kanskje finn du draumejobben din nettopp her? Så kom og mingl på Årets Sommartreff!

 

Desse bedriftene stiller med stand på Årets Sommartreff:

A til Å
Adecco Norge
Blikra, Slotterøy & Fonn
Bookkeeper
Deloitte
Enivest
Fjord1
Fjordz
Flora kommune
Framtidsfylket
Helse Vest IKT
INC
Innvandrarsenteret
Itago
iVest Consult
Kinn Bryggeri
Pixelwerk
Polarny Maritime D&E
Maritim Forening Sogn og Fjordane
Nekst
Nærtenesten
Saga Fjordbase
Sparebanken Sogn og Fjordane
Sparebanken Vest
Steinsvik Mercatus
Sunnfjord Energi (SFE)
Vestfjord Bygg
Vestnes Land
Vestnes Ocean
Vinje Industri
Våt Moro
Westcon Yard Florø

 

Spørsmål?

Har du spørsmål angåande Årets Sommartreff? Ta kontakt med heidi@aksello.no.

 

 

 

– Det blir ei wow-oppleving for ungane

Byakvariet i Florø er for tida stengt og det er mange som trur at det er for godt, men det kan dagleg leiar Monicha Landøy forsikre alle om at det ikkje er. Bygginga av Newton-rommet er i gang, og til hausten vil det igjen vere fullt liv inne i lokalet med alle dei kjente aktivitetane til Byakvariet og eit heilt nytt Newton-rom.

– Byakvariet blir no tilpassa Newton-rommet. Her blir det fantastisk undervisning på dagtid, og vi får tatt i bruk heile Byakvariet sin kapasitet. I akvariet skal vi ha torsk, kveite, laks og mange andre artar. Dette er ei veldig fin og spennande utvikling, fortel Landøy.

Ombygginga av lokalet beskrivast som omfattande, og er no inne i si andre fase før FIRST Scandinavia skal legge den siste handa på verket. Det er dei som utviklar Newton-konseptet i samarbeid med ressurspersonar i den norske skule. Målet er å gi flest mogleg born og unge gode lærings- og mestringsopplevingar i naturfag, matematikk og teknologi. I Newton-rommet i Flora er det havbruk som blir tema på hausten, og på våren er det energi og teknologi.

 

Eit unikt Newton-rom

– Newton-romma har til vanleg eigne Newton-lærarar, men det som er unikt i Flora er at mange av dei faste lærarane i kommunen skal få to dagar med opplæring for å bli Newton-lærarar. Slik kan mange lærarar få ny kompetanse, forklarar Tone Aasrud, prosjektleiar for Newton-rommet og oppvekstfagleg ansvarleg i Flora kommune.

Landøy skal også vere med på opplæringa som Newton-lærar. Ho vil delta i undervisninga og vere ein sentral person i Newton-rommet. Ho fekk allereie ein smakebit av kva det inneber på ein studietur ho var med på tidlegare i år der dei lærte seg å programmere legorobotar.

Det var utruleg kjekt og eg ser verkeleg at dette er er noko som borna vil like og som kan vere med på å vekke interessa deira for realfag, seier ho engasjert.

Newton-rommet er såleis i ein perfekt symbiose med Flora Kommune si rolle som ein av 34 realfagskommunar her til lands, og det er kommunen som er drivkrafta bak prosjektet. Dei har fått god hjelp frå Arne Olsen i Aksello og Trond Strømgren frå Maritime Forening Sogn og Fjordane som har vore med i planleggingsfasen heilt frå starten i 2014. Trond frå Maritime Forening var prosjektleiar i den første fasen, og Tone Aasrud  har leia prosjektet sidan 2016, medan Arne har vore prosjektansvarleg ovanfor PetroFlora.

 

Eineståande støtte

 Vi har fått ei eineståande støtte frå Arne og Trond som kjenner næringslivet så godt som dei gjer. Vi kjenner nok næringslivet alt for dårleg i skulen, og hadde ikkje fått til dette utan deira kompetanse og kontaktnettverk, understrekar Aasrud.

Gjennom Aksello og Maritime Forening sitt nettverk har PetroFlora, som er eit samarbeid med Statoil, finansiert planlegginga av prosjektet. Statoil er også med å dekke store delar av bygginga gjennom ordninga “Morgendagens helter.” Kommunen, Fylkeskommunen si næringsavdeling, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Sunnfjord Energi (SFE) og lokale bedrifter i Havbruk-sektoren har også gitt finansielle støtte til Newton-rommet. Huseigar Leif Stafsnes fortener også kreditt for sin fleksibilitet når det gjeld byggeprosjektet.  

 Eg ser også at mange av dei som har støtta Byakvariet fortset å gi og er med på å støtte oppom Newton-rommet. Det er utruleg kjekt å sjå, seier Landøy.

 Og det er framleis rom for fleire, då vi håpar å få finansiert undervisning for vidaregåande også, skyt Aasrud inn.

Førebels gjeld tilbodet alle barnehagane og grunnskulane i kommunen.

I tillegg treng dei også plommesekklarvar og dei har enno ikkje fått noko respons på etterlysinga i Firdaposten.

 Så om det er nokon som har det for hand i september/oktober, så hadde vi sett utruleg mykje pris på det, smiler Landøy.   

 

(Artikkelen fortset under bilde) 

STATUS: Ombygginga av Byakvariet er i gang for fullt. Slik ser det ut akkurat no.

 

Undervisningsstart på hausten  

Plommesekklarvane, som er embryoet til laksen, treng dei til til undervisningsstart som dei håpar blir i slutten av september, litt før den planlagde opninga 6. oktober.

   Det er sjuande klasse som først skal få gleda av å ta i bruk det nye Newton-rommet og lære meir om salmo salar, laksen. Deretter er det 5-åringane sin tur med Blått Hav på timeplanen, fortel Aasrud og viser fram dei ulike modulane.

Aasrud og Landøy gler seg til å invitere ungane inn i eit fasinerande univers med laboratorium, amfi med lyd og bilde, eit arbeidsområde og utstillingsskap fylt med mikroskop, robotar og anna spennande utstyr.

   Eg trur det blir ei wow-oppleving for ungane når vi opnar dørene og dei stig inn i rommet, seier Landøy spent.

 

SKISSE: Newton-rommet vil vere delt inn i ulike delar med laboratorium, amfi med lyd og bilde og arbeidsområde.

 

Meir info

Meir om modulane og Newton-rommet i Flora finn du her.

Vi ynskjer også å nemne at sjølv om Byakvariet ikkje er opent igjen før på hausten så planlegg Monicha sommaraktivitetar for born og barnefamiliar i midten av juli. Du kan halde deg oppdatert på Facebook-sida til Byakvariet her.

Facebook-sida til Aksello vil vi også gi deg status på bygginga av Newton-rommet.

 

 

God sommar frå Aksello!

Vi i Aksello ynskjer alle våre forbindelsar ein god sommar! Kontoret vil være bemanna stort
sett i heile sommar, så berre kom innom om du har eit spørsmål, ein idé eller noko anna på hjartet.

Med vennleg helsing,
Arne, Heidi og Vanja

Kontakt oss her

Vil kjempe blant dei store aktørane

Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.

Dette viser vi gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”.

I denne utgåva er det JTSE Automation AS i Eikefjord som står for tur.

 

JTSE Automation AS

JTSE Automation AS er ei oppstartsbedrift som satser på automasjon, med ei spissing mot fiskeoppdrett. Gründer John Inge Langedal har utvikla eit styresystem for oksygenering av landbasert fiskeoppdrett som gir best mogeleg kontroll av oksygenkonsentrasjonen i vatnet utan for store kostnader.

– Vi har også utvikla styresystem for ein type fórautomater. Saman med oksygenstyringa, eller kvar for seg, kan systema ta seg av anna nødvendig overvaking og registrering av data, samt utsending av alarmer for anlegget, fortel Langedal.

Dette gir betre utnytting av oksygenet, ein jevn oksygenkonsentrasjon for fisken, færre alarmer, betre kontroll og gjer det lettare å rapportere lovpålagt data.

I tillegg leverer bedrifta også fullintegrerte SCADA løysingar. SCADA er ei forkorting for Supervisory Control And Data Acquisition, og er ein nemning som ein brukar på system for styring og overvaking, både for automasjons-, og kontrollsystem.

– Eg brukar SCADA-system på bedrifter som mellom anna ønsker databaseloggingar. SCADA blir brukt på alle store maskiner og prosessanlegg, forklarar Langedal.

Opplev aukande interesse

Målet på sikt er å vere blant dei seriøse aktørane på marknaden som kjempar om kontrakter saman med dei store aktørane. Bedrifta er i oppstartsfasen, men har allereie levert tenester til ein del kundar som er interessert i produkta.

– Sjølv om vi er i startgropa med å iverksette ei marknadsundersøking, så opplev JTSE Automation AS ein aukande ordretilgang som lovar godt for framtida til bedrifta, seier Langedal optimistisk.

 

Andre artiklar i Havrommet-serien:

– Eg møter ikkje lenger skeptikarar 

Vil løyse utfordringane til oppdrettsnæringa

Havrommet: Ser nye moglegheiter i taren

 

 

Klar for ny sesong med Fjordz

Halvor Halvorsen er ein av gründerane i idélaben til Aksello. Til vanleg har han fast plass i kontorlandskapet vårt, men i sommar treffer du han mest sannsynleg på Vestlands- og Østlandsturné med Fjordz-sykkelen sin. For når iskrem-gründeren får spørsmål om kva planar han har for sommaren kjem svaret momentant:

– Iskrem!

Han smiler og legg til:

– Då eg jobba som kokk var noko av det beste eg visste heimelaga iskrem. Ein kan vel seie at det var der det heile begynte.

 

Frå idélab til dei store kjedene

September 2015 blei Halvorsen med i idélaben vår for å realisere ideén sin om å produsere ein lokalprodusert is basert på dei beste og mest smakfulle bæra frå fylket. Etter å ha utforska utallige bær og forskjellige smakar var dei første Fjordz-isane, ein med bringebær og ein med jordbær, klar for lansering september 2016. Coop Vest var den første kjeda som tok produkta inn i butikkane sine, og salet gjekk over all forventing. På Coop Extra i heimbyen Florø vart isen utseld.

– Å bli løfta opp av Coop Vest og lansere isen i 60-70 butikkar var gull verd for Fjordz. Dei fekk meg opp på eit nivå som ein vanlegvis må slite lenge for å få til. Dette gjorde det enklare og mindre risikofylt for grossistane å ta meg inn og satse på Fjordz. Og dette opna igjen dørene til fleire butikkar, fortel Halvorsen.

I tillegg til Coop Vest, sel han Fjordz i 25 butikkar på Østlandet, fordelt på Oslo, Akershus og Buskerud. For vel to veker sidan sikra han seg også ein avtale med Rema 1000, og snart kan ein kjøpe Fjordz-is i utvalde Rema 1000-butikkar i Sunnfjord. Sidan lanseringa i fjor har han selt fleire tusen liter med is, og planen i sommar er å reise rundt på Vestlandet og Østlandet slik at endå fleire skal få “sansane opp” for smaken av Fjordz.

– Til no har eg jobba mykje mot dei store kjedene og kjøpmenn, men planen for sommaren er å reise mykje, gjere butikkdemonstrasjonar og treffe folket slik at fleire kan få gleda av å smake på Fjordz-isen, smiler han.

 

Dei evige utfordringane

Og at han ein dag skal nå det endelege målet om å leve av å selje is er han trygg på, men han innrømmer at ein møter på nok isberg undervegs. Dei klassiske utfordringane er finansiering og nok tid til å gjere alt som trengst når ein driv eiga bedrift.

– Den evige utfordringa er å få tid til alt! Her er det om å gjere å ikkje miste nattesøvnen, for når du er gründer og har løyst eit problem, så får du to nye som takk, ler han.

Då er det godt å ha ein plass å komme til der ein er del av eit større gründermiljø.

– Eg trivast utruleg bra her hos Aksello. Det er eit godt miljø å vere i for det heiter ikkje“hjemmekontor” med “hj”, men med “gj”, spøkar han.

Når han ikkje fartar rundt med Fjordz-sykkelen sin, har han difor fast plass hos Aksello.

– Her kan ein diskutere problem og løysingar saman med dei andre gründerene som også møter på dei same utfordringane. Samstundes blir ein også inspirert av dei andre når dei gjer det bra. Ein skal ikkje underkjenne at det å vere i lag med andre som lykkast gir deg eit godt grunnlag for å lykkast sjølv, understrekar Halvorsen.

– Avslutningsvis. Kva er det viktigaste du har lært som gründer så langt?

– Eg har lært at den største avgrensinga er meg sjølv. Det er viktig å vere løysingsorientert, sjå moglegheitene og ta dei! Til og med når det er freistande å gi opp, så kjem løysinga. For når det er mørkt er det alltid nokon som veit kor lysbrytaren er, svarar han spøkefullt.