“Ekstraordinær” Frukostsamling

Neste Frukostsamling vert ikkje som andre Frukostsamlingar: Den vert ikkje på den første torsdagen i månaden, men i staden på den første tirsdagen i mai. Og samlinga vert ikkje i Aksello sine lokaler, men derimot i banken. Sparebanken Sogn og Fjordane skal nemleg opne sine nye lokaler i Byporten i Florø den dagen, og har invitert Aksello til å halde Frukostsamlinga der. Det gler vi oss til.

Innhaldsmessig vil det som normalt verte mat og drikke frå kl. 07.30. Frå kl. 08.00 vert det tre presentasjonar:

  • Westcon Yards Florø, v/Mikael Johansen: Westcon Florø – Status og moglegheiter
  • Fjord Invest v/Roger Flølo: Investering i vekstbedrifter
  • Flora kommune v/ordførar Ola Teigen: Moglegheitene i ein stor kommune på kysten, med særleg fokus på næringslivsutvikling

Deretter vert det ein meir formell opningsseremoni leda av banken sin adm. dir. Trond Teigene.

Så sørg for å gjere ferdig 1. mai-feiringa i tide og møt opp til ny arbeidsuke dagen derpå med matnyttig og sosialt samvær.

Fullbooka! 

Vi gjer merksam på at plassomsyn gjer det nødvendig å halde talet deltakarar under 50. Påmeldinga var difor etter «først-til-mølla»-prinsippet og er ikkje lenger open då frukostsamlinga er fullbooka. Vi beklager dette! Om du ikkje fekk meldt deg på for denne gang, så håpar vi at du kjem på frukostsamlinga vår i juni.

 

Desse fekk støtte frå Kommunalt Næringsfond 2016

Aksello forvaltar Kommunalt Næringsfond i Flora kommune. Fondet er øyremerka startups og vidareutvikling av etablert næringsliv i kommunen, og har som mål å støtte prosjekt som treng eit finansielt løft for å bli ein realitet.

Gjennom fondet kan ein mellom anna søke om ulike stønader som investeringstilskot, bedriftsutviklingstilskot og tilskot til kunnskapsretta infrastruktur.

I 2016 fekk vi inn 19 søknadar, og 10 av desse fekk løyva midlar til prosjekta sine. I lista under finn du ei fullstendig oversikt over alle søkjarane som fekk støtte frå Kommunalt Næringsfond 2016.

 

Kommunalt Næringsfond 2016:

 

3 fjordar i Sunnfjord / André Haave

Løyving: 50 000 til bokutgjeving. Haave har forfatta ei bok som han vil gi ut ved Selja Forlag. Boka kan beskrivast som ein vegvisar for grendene langs Førdefjorden, Høydalsfjorden og Eikefjorden.

 

4H Region Vest

Løyving: 20 000 til å gjennomføre eit 3-årig prosjekt i etablering av nye 4H-gardar.

 

Florø Husflid

Løyving: 50 000 til «make-over» av butikken, både når det gjeld oppussing av lokale, nytt innhald og fleire tilbod.

 

MOX Interactive AS

Løyving: 100 000 til Mox Interactive AS som er ei nystarta bedrifta som satsar på utvikling av visuelle systemer og interaktive tenester retta mot større bedrifter og ein internasjonal marknad.

 

Niprox Technology AS

Løyving: 50 000 til utvikling av eksisterande produktportefølje med ny teknologi, og eigenutvikling av nytt analyse/monotoringssystem.

 

Tech-hub Florø

Løyving: 80 000 til Allan Madsen som ynskjer å samle nyoppstarta og etablerte IT- og teknologibedrifter under same tak i 2. etasje i Kvartalet i Florø, ein såkalla «tech-hub».

 

VidSyn Media AS

Løyving: 50 000 til oppstart av mediefirmaet VidSyn Media AS som sel tradisjonelle grafiske og visuelle tenester, samt tilbyr filmproduksjon og droneopptak.

 

Vestnes Land AS

Løyving: 100 000 til iverksetting av «Lean – 5S» i organisasjonen for å effektivisere produksjon og auke lønnsemda i bedrifta.

 

Winterthun MusikkMagi

Løyving: 51 500 til sangerinne og musikar Ann Kristin Takle Winterthun og hennar bedrift Musikkmagi. Bedrifta sin visjon er å skape gode og positive musikkopplevingar for menneske i alle aldrar og livsfasar.

 

Øl-kafé

Løyving: 100 000 til Kinn Bryggeri og Lille Marknad skal samarbeid om å utforme og starte ein ny serveringsstad, type ølkafé med lokal mat og drikke, i lokalane til Kinn Bryggeri i Strandgata.

 

  • Føremåla til Kommunalt Næringsfond er:

    • Å styrkje og vidareutvikle næringslivet i Flora kommune. 
    • Å utvikle og oppretthalde arbeidsplassar i Flora kommune.
    • Å støtte prosjekt/tiltak som bidreg til at regionen og lokalsamfunnet blir meir attraktivt å bu i og flytte til.
  • Målgruppe:

    • Prosjekt/forretningsidéar som ikkje fell under andre offentlege stønader.
    • Etablert næringsliv
    • Nyetablerarar
    • Spesielt prioriterte grupper: ungdom (18-35 år), kvinner og innvandrarar.

Har du ein forretningsidé som treng finansiering?

Då kan Kommunalt Næringsfond vere aktuelt for deg. Du søkjer dette fondet via www.regionalforvaltning.no. Ta kontakt med rådgjevaren vår Heidi Felle på heidi@aksello.no om du har spørsmål og ynskjer meir info. 


Les også: Florø Husflid har blitt “ny”

 

 

 

Florø Husflid har blitt ny

FLORØ HUSFLID: F.v. butikkeigar Reidun Merethe Norstrand og medarbeidar og gullsmed Ronja Kristin Myklemyr.


I 2016 fekk vi inn 19 søknadar om midlar frå Kommunalt Næringsfond. 10 av desse søknadane fekk løyva midlar til prosjekta sine, og ein av dei heldige var Florø Husflid AS.

– Eg var overlykkeleg då eg fekk innvilga støtte frå Kommunalt Næringsfond. Det gav meg ein følelse av at nokon har trua på det eg gjer, og det gir meg optimisme og pågangsmot, smiler butikkeigar og dagleg leiar, Reidun Merethe Norstrand.  

Norstrand tok over Florø Husflid AS etter Lillian Sundal i 2016. Verksemda har ein lang tradisjon som hobby- og handverksbutikk i Florø, og som ny eigar ville Norstrand ta butikken med inn i ei ny epoke med ein «make-over».

– Når eg tok over var målet å skape ein butikk for alle. Det skulle vere mogleg for rullestolbrukarar å komme inn og handle, like godt som for dei med barnevogn. Butikken trengte ei oppussing, og dei tilsette eit kontor og eit pauserom. Vi trengte også utstyr til å kunne utføre arbeidsoppgåver som gav oss fleire bein å stå på, fortel Norstrand.


Støtte til vidareutvikling  

For å få gjennomført oppussingsprosjektet søkte Norstrand om støtte gjennom Kommunalt Næringsfond. Fondet har som mål å vere med på å styrkje og vidareutvikle næringslivet i Flora kommune. Det skal vere med på å utvikle og oppretthalde arbeidsplassar i kommunen, og støtte prosjekt/tiltak som bidreg til at regionen og lokalsamfunnet blir meir attraktivt å bu i og flytte til. Samstundes skal det ha ein utløysande effekt – bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje blir realisert.

– Som nystarta har ein ofte avgrensa med midla og eit slikt fond gir bedrifter moglegheit til å kunne vidareutvikle seg. Det har det i alle fall gjort i vårt tilfelle. Vi har fått ein betre arbeidsplass for dei tilsette, og ein betre butikk for kundane våre, understrekar Norstrand.

I alt søkte Florø Husflid om 200.000 til oppussinga, og fekk innvilga 50.000 av dei. Bidraget var med på å sette i gang “bli ny”-prosessen, og har mellom anna blitt brukt på ny innreiing, maling, teknisk utstyr, arbeidsbord og stoler til kursrom, kvitevarar til kjøkkenkroken og kontormøbler. Med gode oppbevaringsløysingar har butikken blitt meir oversiktleg, fått ei større golvflate, og ein koseleg krok med sofa og teiknebord.


Tøft, men spennande

– Det er ein tøff marknad å drive i når ein står som ein sjølvstendig butikk utan ein kjede i ryggen. Difor var det viktig for oss å utvide tilbodet vårt, og det har vi fått til no når vi har fått realisert dette prosjektet, seier ho.

I tillegg til at butikken har eit breitt utval for dei som likar å male, bake, hekle, sy, strikke eller drive med scrapbooking, tilbyr Florø Husflid også kreative kurs og lokale til dei som ynskjer å lære nye ferdigheiter innan kunst og handverk.

Målet er jo å drive butikk i mange år til. Det er spennande, kjekt og utfordrande. Vi har så mange kjekke kundar som kjem innom kvar dag, og alle har ulike hobbyar og interesser, så ingen dagar er like og vi lærer nye ting heile tida, avsluttar Norstrand.


Sjå bilde frå «make-overen» her: 



Ynskjer du å søkje om Kommunalt Næringsfond?

Du søkjer dette fondet via www.regionalforvaltning.no. Ta kontakt med rådgjevaren vår Heidi Felle på heidi@aksello.no om du har spørsmål og ynskjer meir info.

Les mer

Litt frå frukostsamlinga 6. april

Det var mellom 40-50 frammøtte på frukostsamlinga vår i dag som fekk med seg to interessante presentasjonar frå Norwegian Seaweed Production (NSP) og Forsking og Utvikling (FOU) innan Havbruk.

 

Norwegian Seaweed Production (NSP)

Først ut var Ruth Berit Hjellum, som er dagleg leiar for inkubatorbedrifta vår Norwegian Seaweed Production. NSP fokuserer på nye metodar for hausting og prosessering av stortare, og Hjellum viste ein imponerande film som illustrerte korleis dei ynskjer å vere ein game-changer innan tarehausting i Norge.

 

Forsking og Utvikling (FOU) innan Havbruk

Vi har mange lokale FOU-prosjekt som kan dra nytte av vidare forsking og utvikling innanfor havbruk. Dette var eit av hovedpoenga til Gustav Johan Nydal, som er prosjektleiar for eit heilt nyoppstarta prosjekt: FOU innan Havbruk. Hovedmålet til prosjektet er å skape eit sterkare fagmiljø innan havbruksnæringa i fylket. For å kartlegge noverande status for næringa vil dei mellom anna sende ut ei spørjeundersøking til aktuelle aktørar. Dei vil også arrangere ein workshop på Flora Samfunnshus torsdag 4. mai som vil vere open for alle som ynskjer å delta.

 

Serien: Havrommet

Når vi først er innom tema knytt til havrommet vil vi minne om den nye serien vår: Havrommet. Den tek for seg spennande startups i inkubatorprogrammet vårt, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”. Her kan du mellom anna lese meir om Norwegian Seaweed Production.

 

Ny dag og stad for neste frukostmøte

Neste frukostmøte arrangerer vi i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane i deira nye lokale i Byporten tysdag 2. mai.

 

 

 

 

Litt frå frukostsamlinga 2. mars

Det var nær 40 frammøtte på vår første frukostsamling i Aksello, som starta dagen med smørbrød, informasjon og inspirasjon. På programmet hadde vi fire interessante innlegg, mellom anna Roy Austbø, salssjef Norge for Niprox AS, som starta morgonen med ein presentasjon av bedrifta.

Dagleg leiar for Aksello, Lone Bareksten, kom også med eit innlegg for å fortelje meir om den nye strategien og namnskiftet vårt.

Kva den nye strategien går ut på kan du lese meir om her: Fram Flora Ut – Aksello inn

Rolf Bjarne Sund, plansjef for Flora Kommune, fekk også fem korte minutt der han informerte om Sentrumsplanen som skal reviderast i år, og viktige vedtak som skal gjerast på bystyremøte 21. mars. På dette møtet skal politikarane mellom anna diskutere omlegging av Markegata og innspel om Kystvegen som skal vidare til Fylkestinget. Dette er tema som er av interesse for næringslivet i Florø, og næringslivet blei på nytt oppfordra til å spele på lag med bedrifter i andre kommunar for å synleggjere næringslivet sine behov og ønsker.

Siste innslag var ein artig demonstrasjon av Tor Even Eide frå Systemintegrering AS som gav dei frammøtte eit innblikk i framtida sine smarte hus.

Neste frukostmøte blir torsdag 4. april. Hugs å melde deg på når den tid kjem!

Oppdatert frukostsamling og anna snacks

Vi minner om Frukostsamling torsdag førstkomande: Fint om du melder deg på i forkant. Se info her.

Vi har også ein ledig bolk i programmet, på ca. 10 minutt. Dersom nokon ønsker å nytte denne tida til å presentere noko eller diskutere noko, så ta kontakt med arne@aksello.no.

I motsetning til kva vi tidlegare har annonsert, kjem dessverre ingen frå Innovasjon Norge denne dagen. Innovasjon Norge arrangerer Internasjonaliseringsdag på Skei den same dagen. Der bør forresten fleire bedrifter kjenne si besøkelsestid, og delta. Informasjon og påmelding finn du her.

Dersom nokon har problem med transporten til Skei, så er det ledige plasser i ein bil som går frå Aksello kl. 08.30 den dagen (midt under Frukostsamlinga, men …). Om du ønsker å sitte på, med retur til Florø på ettermiddagen, så kontakt arne@aksello.no.

Vil løyse utfordringane til oppdrettsnæringa

FLO MARINE AS: To av gründerane i FLO. F.v Gunnar Stavøstrand og Ola Sveen.

Foto: Dieter Arno Schneider

 

Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.

Dette viser vi gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups i inkubatorprogrammet vårt, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”.

Startup nummer to i serien er FLO Marine AS som ynskjer å løyse mange av dei utfordringane som oppdrettsnæringa står ovanfor.

 

FLO Marine AS  

FLO Marine AS er blant bedriftene i inkubatoren vår som ser på korleis vi kan finne betre måtar å drive oppdrett på. Gründerane i bedrifta er Gunnar Stavøstrand, Ola Sveen og Ole Svanøy, som alle har lang erfaring frå havbruk, selskapsetablering og produktutvikling.

Dei tre gründerane starta FLO Marine AS i 2012, og har vore med i inkubatoren sidan 2013. Dei har patent på eit lukka oppdrettsanlegg som vil løyse mange av utfordringane til oppdrettsnæringa, mellom anna sjukdom, lus, rømming og avfallshandtering. Anlegget deira gjer det også mogleg å ta i bruk gode lokalitetar som ikkje kan nyttast i dag på grunn av avfallsproblematikk, og dette vil føre til mindre konflikt om areal.  

 

God synergieffekt i samarbeid

Dagleg leiar Gunnar Stavøstrand, beskriv anlegget som revolusjonerande og trur at det vil vekke stor interesse i Norge.

– Særleg i område der det i dag er konflikt i næringa og mellom ulike interesser som til dømes med vill laks og lakseførande vassdrag. Innan enkelte terskelfjordar er det også forventa sterke avgrensingar på produksjon og avfall, noko som anlegget vårt vil kunne handtere, understrekar han.

FLO ser for seg ein god synergieffekt i samarbeid med andre produksjonsbedrifter om levering og utvikling av ny teknologi for eit slikt anlegg. I samarbeid med Steinvik Fiskefarm har dei søkt om utviklingskonsesjon for utprøving av anlegget i full skala i Flora. Tildelingsprosessen er no inne i ein avgjerande fase, og bedrifta håper på ei tildeling i løpet av 2017.

Prosjektering og bygging av anlegget vil ta til så snart dei har fått løyve, og om alt går etter planen håpar dei at anlegget vil vere i produksjon i 2018.

 

Les også: 

Havrommet: Ser nye moglegheiter i taren

Frukostsamling 6. april kl. 07.30