Ser nye moglegheiter i taren

Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.

Framover vil vi vise dette gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups i inkubatorprogrammet vårt, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”.

Første startup i føljetongen er Norwegian Seaweed Production AS som ser nye moglegheiter i taren.

 

Norwegian Seaweed Production AS

Norwegian Seaweed Production (NSP) er eit gründerprosjekt som utviklar ein ny metode for hausting og prosessering av tare, også kalla makroalgar. Den innovative metoden er basert på vitskap frå Havforskingsinstituttet og Sintef, dialog med aktørar innan overvaking og forvaltning, samt eiga erfaring med hausting av marine makroalgar.

Verksemda består av tre eigarar, Torstein Christiansen, Svein Vindenes og Tor Arne Vindenes, og dagleg leiar Ruth Berit Hjellum. Sidan oppstart har dei jobba med å kartlegge korleis ein kan bruke marine algar som råstoff, og undersøkt økologiske forhold for uttak av algar/tare og metoder for dette. Gjennom kartlegginga har dei funnet nisjar med rom for betre nyttegjering av ressursane, både ved hausting, foredling og ved nyttegrad av råstoffet.

 

Berekraftig produksjon – eit konkurransefortrinn for Norge

Når det gjeld uttak av tare/makroalgar blir Norsk forvaltning brukt som eksempel på god skikk i andre delar av verda, der dei også haustar algar. Tareindustrien i Norge er likevel ung, samanlikna med store delar av Europa og ikkje minst Asia. Her er stor forskingsaktivitet innan feltet, men utfordringane er å omsette spennande funn til praktiske og økonomisk prosjekt som let seg gjennomføre.

NSP har stor tru på at prosjektet deira er av den solide typen, og har mellom anna fått støtte frå Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Næringsstiftinga til Sparebanken Vest Sogn og Fjordane. Målet dei strekk seg etter er berekraftig produksjon av tare på industriell skala der produkta har ei høgare nyttegrad av det råstoffet som dei hentar frå havet. Ein slik auka tilgang på marine ressursar frå relativt reine, friske forhold, vil vere eit konkurransefortrinn for Norge, særleg ovanfor Asia.

Akkurat no jobbar NSP med å spesifisere konkrete FoU-prosjekt med moglege samarbeidspartnarar. Dei planlegg også eit pilotprosjekt for utvikling av teknisk utstyr, men kva det går ut på vil dei ikkje røpe enno.

 

Vil du vite meir om Norwegian Seaweed Production? 

Du kan besøke nettsida deira her. Norwegian Seaweed Production er også blant foredragshaldarane våre på neste frukostsamling torsdag 6. april. Vi håpar å sjå deg der! 

 

Aksello har plukka ut sin trainee

Foto: Trine Vederhus begynner som trainee hos Aksello 1. august.

 

Aksello hadde 19 søkarar til trainee-stillinga si gjennom Framtidsfylket si trainee-ordning. Etter gjennomgang av dei mange gode kandidatane og nokre intervju, har vi valt den kandidaten vi meiner er best: Trine Vederhus.

Trine er 29 år og kjem frå Vågsøy, men bur i dag i Bergen. Ho har to Bachelorgradar, innan økonomi og reiseliv. At ho er sambuar med ein Florø-væring, som og vil komme «heim», er ikkje negativt.

– Eg gler meg skikkeleg til å bli betre kjend med Aksello og alt det spanande som går føre seg innan nyskaping i næringslivet i Sogn og Fjordane, seier Trine.

Trine startar hos oss den 1. august, og vi kjem tilbake med ein meir utfyllande presentasjon av ho då.

Nye PetroFlora-pengar til lokale verksemder

Foto: Svein Bjørkedal og Rune Bortne er involverte i hydrogen-prosjektet.

 

Aksello kan i dag informere om at fleire lokale verksemder har nytta godt av PetroFlora-samarbeidet med Statoil:

Niprox AS, gjennom eit nystifta dotterselskap, skal utvikle eit system for overvaking og optimalisering av energibruk i større bygg. Nybrottsarbeidet vert støtta av Statoil, gjennom PetroFlora-avtalen. Dagleg leiar i Niprox, Kjartan Strand, seier dei set stor pris på støtta.

– Den gjer det mogleg å fullfinansiere dette utviklingsarbeidet, som vi har stor tru på, fortel han.

Fjord Base AS, det vil seie oljebasen, har òg fått innvilga ein monaleg sum til delvis finansiering av eit forprosjekt for å sjå på moglegheita for å produsere og nytte hydrogen på basen. Helge Dale, marknadskoordinator i INC-gruppa, seier dei med dette tar steget inn i hydrogen-alderen.

– Saman med gode partnarar som SINTEF og Greenstat ønskjer vi å legge til rette for ein berekraftig og konkurransedyktig base i framtida.

Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello, påpeikar at dette er døme på tidsriktige prosjekt i det lokale næringslivet, med fokus på energieffektivisering, miljø og berekraft.

– Og her syner PetroFlora-partnarane at dei støtter opp om slike prosjekt på ein god måte, avsluttar ho.

 

Vil du vite meir om PetroFlora?

Då kan du treffe dei på Leverandørseminaret som Statoil og Maritim Forening arrangerer tirsdag 28.mars på Flora Samfunnshus frå kl. 08.30.

Presentasjonsvideo

 

 

Ny drakt og nytt innhald – Fram Flora ut og Aksello inn.


Frukostsamling 2. mars kl. 07.30

Velkomen til Aksello si frukostsamling torsdag 2. mars! Frukost og kaffe vert servert frå kl 07.30. Innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.

Program:

  • Presentasjon av Niprox AS, ved salssjef Roy Austbø
  • Presentasjon av Systemintegrering, ved dagleg leiar Tor Even Eide
  • Ut med Fram Flora – inn med Aksello. Presentasjon av Aksello sin nye strategi og sitt nye namn, ved dagleg leiar Lone Bareksten
  • Ordet fritt

Innovasjon Norge vil ha kontordag hos Fram Flora denne dagen.

Samlinga finn stad hos Aksello i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr; diskutér og treff gamle og nye kjende!