Fram Flora ut – Aksello inn

 

 

Strategiske grep gir næringsselskapet ny drakt og nytt innhald

  • Blir fylkesdekkande og tilbyr førstelinjetenester til fleire kommunar enn Flora
  • Prioriterer havrommet, smarte samfunn og fornybar energi
  • Stadfesta som inkubator i seks nye år
  • Inviterer fleire inn på eigarsida
  • Nytt namn: Aksello

Med desse strategiske grepa har styret i næringsutviklingsselskapet Fram Flora peika ut ei retning der selskapet skal sjå utover tidlegare geografiske avgrensingar, vere tydeleg på moglegheitene som ligg i havet, gi eit enda betre tilbod til gründerar og anna nyskaping gjennom breiare kompetanse og nettverk, og nytte kunnskapen og kompetansen sin innanfor kommunal næringsverksemd.

– Nyheitsbiletet i dag viser samanslåingar, samarbeid på tvers av grenser og bransjar, og auka kunnskapsdeling. Vi er kjempenøgd med at styret vårt gir oss klar marsjordre om å ta del i denne utviklinga, fortel dagleg leiar, Lone Bareksten, og legg til:

– Dette gir oss moglegheit til å hjelpe gründerar og eksisterande næringsliv med eit utvida nettverk og fleire smarte hovud.

10 nye millionar til inkubasjon frå Siva

Fram Flora har vore ein del av det nasjonale inkubatornettverket dei seinaste seks åra. Rett før jul stadfesta Siva, det statlege selskapet som styrar nettverket, at Fram Flora får seks nye år. Det inneber minimum 10 millionar kroner som selskapet kan nytte direkte til nyskapande verksemder.

– Dette er særs gledeleg, og vil styrke inkubatorsatsinga. Dei to inkubatorane i fylket, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og vi, inngår samstundes ein partnaravtale for å sikre eit heilskapleg tilbod til lokale gründerar og nyskaping i etablert næringsliv, seier Bareksten.

Inviterer fleire eigarar

Fram Flora har i dag ni eigarar: industriverksemdene Westcon Yard, Saga Fjordbase, Statoil og Engie; Flora Industri- og næringsforening, Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane, samt dei offentlege Flora kommune og nemnde Siva. No ønsker eigarane fleire inn i «varmen», og inviterer breitt.

– Eit utvida eigarskap vil gje oss større musklar. I tillegg til auka aksjekapital og finansielle moglegheiter, gir det eit breiare nettverk og meir kompetanse. Spesielt innan bransjar der vi ser mykje nyskaping, som i havbruksnæringa. Her vil den solide kompetansen på eigar- og styrenivå kome godt med, seier Bareksten.
– Vidare, med vårt utvida geografiske fokus, vil det være ønskeleg at også andre kommunar enn Flora deltek på eigarsida. Og gjerne fylkeskommunen med, smiler Bareksten.

Endrar namn til Aksello

Med desse strategiske endringane er det naturleg å skifte namn. Frå i dag er difor Fram Flora historie, og selskapet vil heretter heite Aksello.

– Eit geografi-nøytralt og kraftfullt namn som viser til akselerasjon og framdrift. Vi trur det blir bra, avsluttar dagleg leiar Bareksten.

For ytterlegare informasjon, ta kontakt med Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello, på telefon 472 62 635 eller e-post: lone@aksello.no.

Ut med Fram Flora – inn med…..?

Styret i Fram Flora vedtar i disse dager en ny strategi for selskapet, og til og med et nytt navn!

Spørsmål som mange stiller seg i den forbindelse:

  • Hva skal Fram Flora jobbe med i framtida?
  • Får vi nye eiere?
  • Skal vi dekke et større eller mindre geografisk område enn i dag?
  • Hva blir det nye navnet?

For å få alle svarene, og mere til, bør du komme til Frokostmøtet torsdag 2. mars kl. 08.00 (07.30 om du er sulten på mat også) i Fram Floras lokaler.